• Nasjonalt ID-senter er eit fagleg sjølvstendig ekspertorgan som skal sikre høg kvalitet i ID-arbeidet som blir gjort i politiet, utlendingsforvaltninga og hos andre offentlege verksemder.
  • Vi har spisskompetanse på ID- og underlagsdokument, og utviklar verktøy og metodar som blir brukte for å avklare identiteten til utlendingar som kjem til eller oppheld seg i Noreg.
  • Nasjonalt ID-senter tek initiativ til samarbeid og felles løysingar, tilbyr opplæring og verktøy, utviklar statistikk og analysar og gir bistand og råd. Vi fattar ikkje avgjerder i enkeltsaker.
  • Nasjonalt ID-senter er administrativt underlagt Politidirektoratet.

Våre verktøy

Nasjonalt ID-senter tilbyr ei rekkje verktøy og hjelpemiddel som gjer arbeidsdagane enklare for deg som jobbar med å kontrollere og avklare identitet. På portalen vår finn du til dømes ID-basen, der vi har samla identitetsrelatert informasjon om ulike land på éin stad. Dette verktøyet gir saksbehandlarar og andre rask tilgang til informasjon om identitetsdokument, personregister og annan bakgrunnskunnskap som er nyttig når ein jobbar med ID-kontroll.

Referansedatabasar for enklare dokumentkontroll

På nidsenter.no gir vi enkel tilgang til referansedatabasar som DISCS og iFADO. DISCS inneheld informasjon om ekte og falske underlagsdokument. I iFADO finn du informasjon om ekte og falske ID-kort og pass, handbøker m.m.  Les meir om referansedatabasar her.

Du kan også abonnere på alerts, oppdatert informasjon i ID-basen og anna faginnhald om dei landa eller temaa som er aktuelle for deg. AAlerts er varsel om falske dokument som blir produserte internasjonalt. På sidene om alerts finn du mellom anna teknisk informasjon om trendar og falske identitetsdokument. Dersom du abonnerer, får du direkte melding når vi oppdaterer nettsidene.

ID-kompetanse

Nasjonalt ID-senter tilbyr fysisk og digital opplæring på ulike nivå til sentrale ID-aktørar. Vi tilbyr kurs i ID-kontroll på første- og andrelinjenivå, opplæring i ID-kontroll for personar som skal jobbe med identitetsvurderingar og spesialtilpassa opplæring. Vi har i tillegg utvikla nyttige verktøy for instruktørar som skal gi opplæring til førstelinje.

Les meir her.

Kven utfører Nasjonalt ID-senter undersøkingar for?

Utlendingsforvaltninga kan søkje råd og sende saker til Nasjonalt ID-senter for dokumentteknisk undersøking. Meir om dette finn du her.

Her finn du Nasjonalt ID-senter sin instruks.

Spørsmål? Skriv gjerne til oss på postmottak@nidsenter.no.

 

Se vår presentasjonsvideo